Programvare som student
Som mediastudent er vi ofte innom forskjellege typar program. Dette varierar frå kjente og kjære program som Photoshop og Word, til litt meir avanserte slik som Adobe Audition til redigering av lyd. Alle desse programma har vi sjølvsagt fri tilgong til på skulen sine PCar, men om vi vil jobbe heime får plutseleg pipa ein annan lyd. Veldig ofte har desse programma ein heftig prislapp på ryggen, noko eg fekk oppleve i dag då eg tok meg en tur til Adobe sine nettsider for å sjå etter lisens til akkurat Audition.
Til min store skrekk skulle dei ha heile3400 kroner for ein lisens av det programmet. I tillegg finns det berre i såkalt “stand-alone”-versjon, så det er ikkje mogleg å få kjøpt det saman med ein pakke som Adobe Master Collection (som går for 26 000 blanke).
Klassikeren Photoshop går for over 10 000 norske aleine for den nyaste versjonen. Prisane Adobe opererar med er altså ganske fjernt for oss studentar. Mange tar ofte til ulovlege middel for å få tak i alle desse programma, men heldigvis finns det alternativ for oss som ikkje er så glad i utøve slike ting.
For folk som er ute etter eit alternativ til Photoshop vil eg anbefale programmet Gimp som er både gratis, og har open kjeldekode. Det kan vere litt knotete å få til funksjonar som ein er vant med i Photoshop, men det er ofte veldig lett å finne hjelp til det ein slit med på nettet.
Vector-programmet Adobe Illustrator kan lett byttast ut med gratisvara Inkscape. Dette programmet har eg sjølv hatt god erfaring med då eg leika meg litt med det i juleferien.
For redigering av lyd kan ein fint greie seg med Audacity. Det programmet har vi allereie brukt i lyd-undervsninga, men no er vi gått over til å bruke Adobe Audition som eg skreiv om lengre oppe. Med ein prisforskjell på 3400 kroner så vil eg sei at du får pengane verd ved bruk av Audacity (for det er gratis).
Mange har sikkert vore borti OpenOffice før. Dette er ein pakke med “kontor”-program slik som Microsoft sin Office-pakke. Dette er, som alt anna eg har nemt, gratis. Dei mest brukte verktøya i pakken vil nok for dei fleste vere Writer (Word), Impress (Powerpoint), og Calc (Excel). Eg vil også anbefale å ta ein kikk på Google sine nettbaserte løysingar som ein også kan komme langt med.
Vidare har vi alternative operativsystem for dei som treng det. Her vil eg nok anbefale Ubuntu med ein gong. Ubuntu er ein distrubisjon, eller ein “versjon” av Linux som eigentleg er ganske grei å halde orden på. Som gamer så er nok ikkje andre operativsystem enn Windows aktuelle, men Ubuntu kjem på ein fin andreplass.
No har eg skrive ein drøss om gratis alternativ, men det kan jo hende at ein faktisk må ha eit av dei dyre programma. Det er her mitt siste tips kjem, som er nettstaden Studentlisens.no Denne sida har nedsatte prisar for ein del kjent programvare, inkludert ei samling av Adobe og Microsoft sine program. Tilbodet er berre tilgjengeleg for studentar, og ein kan logge inn med same brukernamn og passord som på Fronter.
Det er til Studentlisensen eg må dra om ei lita stund når eg må kjøpe ein lisens til Windows 7 sidan test-versjonen som eg brukar no ikkje vil vere brukbar lengre i mars.
Aller sist vil eg anbefale å sjekke med IT-avdelinga til skulen du går på, det kan hende at nett den skulen delar ut lisensar fritt.
Prisane for Adobe sin programvare er henta frå den norske delen av nettsidene, og er medrekna norske avgifter. All gratis programvare eg har skrive om i artikkelen er tilgjengeleg til både Windows, Macintosh og Linux.
Kom gjerne med tilbakemeldingar til den artikkelen her!

For et fantastisk illustrasjonsfoto! Pengevifte og greier.
Takk, føler at det er slik kontoret til Adobe ser ut.
Ditt innlegg no fekk meg til å hugse at bilde-bloggen din burde vere på lista over bloggar eg les.
LES du bildebloggen min? Har du sjekka ut gifparty?
Likte veldig godt første februar-gifen.
Tenkte litt på den før eg skreiv det, men så kom eg på at vi i lærte å lese bilde i kunst-undervisningene på Fagerlia.
Godt å vite det her, i og med at jeg har tenkt å begynne på MID til høsten! Kan du fortelle litt mer om studiet? hva gjør dere? hva slags opg får dere? er det VELDIG vanskelig, eller går det bra så lenge du jobber godt?
Har dere lange dager? noen fri/ studiedager? Hvor er det best å leie seg hybel? Porse? eller?
Beklager veldig mange spm, jeg er bare så nyskjerrig på alt, siden jeg ENDELIG har funnet ut hva jeg skal studere.. vil liksom vite.. alt
Hei der, skal prøve å svare så godt som mogleg.
Førsteåret i MID er heile tida delt inn i to forskjellege fag der det eine er teoretisk, og det andre er praktisk retta. På våren hadde vi Medievitenskap som det teoretiske, og eit som heitte Media, IKT og Design som praktisk. MID-faget var lettast å komme gjennom der det stort sett berre var praktiske oppgåver, som Det er litt verre med Medievitenskap (MEV) om er veldig tørt og teoretisk. Her bør ein nok lese godt opp for å få god karakter til eksamen. Likevel så er det ikkje så veldig ille sidan studentar flest vil jobbe og lese saman for å hjelpe kvarandre med å forstå faget betre. Sjølv strauk eg til eksamenen i faget først, men greide heldigvis å stå ved andre forsøk.
Når det gjelder undervisning så er det ikkje så mykje av det, mest sjølvstendig arbeid. MEV har ein tendens til å begynne ganske tidlig på dagen og slutte tidlig igjen. Veit at dei som begynte på MID i år hadde MEV så tidlig som klokka 8 og slutta kanskje i 10-11-tida.
Hybel er det veldig lett å leige med Studentsamskipnaden. Det er dei som driver Porse, Heltne, Myrane og Røysmarka. Porse og Heltne er blokker med enkeltrom og små leiligheiter. Myrane og Røysmarka har berre leiligheiter. Sjølv har eg budd på eit lite rom på Heltne i halvanna år no, og var fornøyd med det.