Gå til innhald

Blogging frå biblioteket

10. februar, 2010
Seriøs student.

Slik ser det ut når e studerar hardt, berre utan PCen til venstre.

Etter ein lang dag med skulearbeid er det fint å kunne slappe litt av, og la dei kreative delane av hjerna ta over igjen. Eg sit no på slutten av ei av leseøktene mine. Eg har begynt å ha mange fleire av desse i det sidte, og kalenderen min er no full a slike “avtalar”. Eg tar med meg bøkene mine til biblioteket på skulen, og sit der og kosar meg med medieteori og ein god kopp kaffe.

Nedturen som var eksamen i Medievitenskap i fjor haust har eg ikkje tenkt å gjenta, derfor har eg no i vår dedikert mykje meir tid til skulearbeid. Eg er nok ikkje den første studenten som har oppdaga akkurat kor mykje betre det er å lese på skulen, men oppdagelsen var likevel ei slags openbaring for meg.

Boka eg les i dag er “Å være på nett”, av Østerud og Skogseth (red.) Dette er ei av dei betre bøkene eg har hatt til gleda å lese i løpet a kurset. Den handlar stort sett om ting eg er særs interessert i, altså alt som har med bruk av Internett å gjere.

Typisk leseoppsett for meg er med penn i handa slik at eg kan notere alt eg finn interessant undervegs. Samtidig har eg uforstyrrande musikk i øyret, levert av Spotify for mobil. Kaffien er som kjent den faste drikken som held meg i gong.

Eg må nok innrømme at eg gledar meg litt til å komme meg heim no og få i meg litt god mat.

Frå → kvardag, studentliv

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.