Starcraft II
Det er forskjellege grunnar til at eg ikkje har fått skrive i bloggen i det siste. For eksempel sat eg så seint som i forgårs og skreiv på ein fin artikkel, då det plutseleg vart kjent at betaen for Starcraft 2 hadde starta. Det vart plutseleg veldig vanskeleg for meg å konsentrere meg om artikkelskriving når eg heller kunne sitte å spele eit av dei mest forventa spela gjennom det siste tiåret.
Eg endte sjølvsagt opp med å lagre posten som ein kladd, og gjekk heller over til å “game” resten av kvelden.
Starcraft var opprinneleg eit sanntids strategispel (RTS) utgitt i 1998 av spillselskapet Blizzard. Dette er same selskapet som står bak det ekstremt populære World of Warcraft (2004) som dei fleste burde kjenne til i ei eller anna form. Starcraft vart utvida seinare same året med ein tilleggspakke kalt Brood Wars.
Det som er spesielt med Starcraft framfor alle andre spel i same sjanger er kor populært det blei. Framleis spelast det digre turneringar med store pengepremiar i potten. Det var i Sør-Korea spelet verkeleg slo ann der spelet nærmast er rekna som ein eigen sport. Det er ikkje mange andre stadar i verda e-sport er så allment akseptert.
Profesjonelle spelarar blir gjerne omtale som “foreigners” eller ikkje. I den her samanhengen betyr “foreigners” spelarar som ikkje er frå Sør-Korea, det er faktisk så stor forskjell i både omfang og nivå av Koreanske spelarar og spelarar frå resten av verda.
Noreg er ikkje så veldig godt representert i Starcraft-verda, men vi har ei lita samling av spelarar vi også. I ei turnering eg følg med på akkurat no hadde vi ein norsk representant, men han gjekk desverre ut i ei av dei første rundane.
Tolv år etter Starcraft 1 er altså oppfølgaren (snart) klar. Det er som sagt betaen som er i gong. Dette e veldig viktig for at spelet skal bli så godt balansert som mogleg før lansering. Det er ingen som veit kor lenge betaen skal vare, men ryktene sei at vi har heile 4-6 månadar på å kose oss med denne testversjonen her før spelet er ute for fullt.
Det er gjort ein drøss med forandringar i dette spelet. Dei grunnleggjande elementa for korleis gameplayet er satt opp er fortsatt likt, men nokre få forandringer er gjort for å modernisere det litt. Grafikken har sjølvsagt fått ei god overhaling sidan sist. Serien har gjort hoppet til 3D, noko Blizzard har greid fint. Alle modellane og teksturane ser skarpe ut, berre nokre få element viser at spelet fortsatt er i beta-status.
Alle dei tre rasene har fått nye einheitar (Terran, Protoss og Zerg), samtidig som ein del av dei gamle er fjerna. Eg trur at dette er gjort for at spelet ikkje skal vere heilt likt det gamle, noko veldig mange ville ha klaga på. Alt det nye i spelet opnar også for ein drøss med nye strategiar, og umoglegjer mange av dei gamle. Dette vil nok vere til glede for mange gamle spelarar som vil kunne fortsette å finne på nye tilnærmingsmåtar for spelet i mange år framover.
Alt dette er om fleirspelardelen av spelet. Eg veit det er mange som gledar seg til å vite resten av historia frå førstespelet, men det er sjølvsagt ikkje vist i fleirspelar-betaen. Sjøl har eg ikkje spelt gjennom alle kampanjene frå det første spelet enda, men eg håpar at eg greier det før det nye er lansert. Viss ikkje får eg berre fortsette å spele fleirspelar eksklusivt til eg er ferdig med det første.
Og slik går dagane. I kveld blir det nok meir Starcraft-speling, kanskje med litt innslag frå andre spel innimellom.

