Gå til innhald

Ting eg gjer på for tida

26. februar, 2010

Skulen som begynte så treigt det semesteret her har tatt heilomvending, og no har vi plutselig veldig mange ting å gjere samtidig. Det er sjølvsagt kjekt å jobbe med dei tinga vi gjer på, men samtidig er det også veldig travelt. Vi har to prosjekt i same faget no sidan vi som begynte med Lyd i MID115 fekk oppgåva så seint. No har vi i tillegg fått oppgåvene våre i Video-delen der vi skal skrive eit manus til torsdag neste veke.

I tillegg til desse har vi også fått ein del å gjere i MEK111MID der vi er blitt inndelt i “ekspert-team” for forskellege ting. Planen er at vi skal kunne undervise i det temaet vi har fått. Vi skal lage opplegg for tillsette og studentar ved høgskulen, og også eit anna opplegg for sjette-klassingar. Eg havna i gruppa som skal ta for seg “web”, noko eg eigentleg er fornøgd med. Det einaste som er dumt er at eg no må lære meg å bruke Adobe Dreamweaver…

I kortfilmklubben Habitus byrjar vi også å nærme oss ein deadline der mi gruppe skal byrje å filme allereie i morga. Er veldig spent på korleis filmen vår blir.

Frå → 1

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.