120
Livet mitt har frå måndag av vore inndelt i to timar lange periodar. Annankvar time, på sekundet, må min PC restartast av meg, viss eg ikkje gjer det vil Windows gjere det sjølv på den harde måten. Dette er nok fordi eg fortsatt brukar ein testversjon av operativsystemet Windows 7 (Windows 7 RC, build 7100). Lisensen for denne versjonen gjekk ut måndag første mars, og for å få folk til å skifte vil altså operativsystemet restarte i jamne mellomrom. Eg har bestilt ein fullversjon, men det kan nok ta ei god stund før den er framme.
Dette er naturleg nok eit stort problem sidan eg gjerne har lyst til å kunne spele på PCen, men det er litt vanskelig når PCen skrur seg av heile tida. “Timinga” er også veldig dårlig sidan eit spel eg har venta i spenning på vart utgitt i natt (Battlefield Bad Company 2). No føler eg ikkje at eg har så veldig mykje tid til overs til å spele, men det er jo litt kjedlig at den tida eg faktisk har ikkje kan utnyttast optimalt.
Jaja, eg har vel meg sjølv å takke sidan eg ikkje kjøpte fullversjonen før no.
Om andre ting så har vi no så vidt påbegynt redigeringa av kortfilmen “Utro” for kortfilmklubben Habitus. Det var ganske kjekt å få sjå igjen klippa vi tok på laurdag igjen. Det vi fort såg var ein del nybegynnerfeil, med ting som ikkje er heilt konsekvent mellom alle klippa, men alt i alt så ser det ganske bra ut. Vi skal jobbe vidare med dette på måndag igjen.
Meir filmrelatert så har vi i MID115 akkurat begynt å skrive på manuset vårt for film-oppgåva i det faget. Eg har ikkje tenkt å skrive noko om konseptet enda, men eg kan røpe at vi har eit ganske originalt og spanande utgongspunkt.
Uansett, eg har nok å gjere om dagane, og i morga blir nok ein lang dag for meg. Tjohei!