Gå til innhald

Filmtrøbbel

14. mars, 2010
filmprosjektør

Illustrasjon av "pedrosimoes7" frå Flickr

Dagane går for tida veldig fort. Vi har alltid noko å gjere, sjølv i dag på søndag måtte eg dra meg ut av hybelen for å jobbe med skulearbeid. Akkurat no er det filminga av video-oppgåva som tar opp mest tid, og hittil har det tatt opp ganske mykje tid også.

På fredag brukte vi opp nesten heile dagen på å filme. I alt hadde vi ein time med opptak, som til saman skal bli nokre få minutt i den ferdige filmen. Det som tok mest tid den dagen var nok det 40 minutt lange klippet som skal bli om til eit tidshopp-klipp der vi spolar gjennom handlinga. Det var ei oppleving å faktisk spele hovudrolla i den scena, der eg gjekk fram og tilbake i rommet samtidig som eg skulle male på eit lerret. Eg kunne ikkje male på det heile tida sidan malinga trengte tid til å tørke, så då sat eg enten med ein PC, eller las i ei bok.

Filmen handlar om ein kunst-student som febrilsk må arbeide med eit måleri som skal leverast inn til eksamen. I løpet av kvelden han jobbar med dette blir måleriet utsett for diverse uhell, før det til slutt blir stilt ut slik som det er. Måleriet ser då sjølvsagt ikkje ut lengre, men likevel likar læraren det og kallar det moderne kunst.

Sidan vi ikkje kom oss så veldig langt med filminga på fredag, til tross for at vi jobba så lenge, så ville vi fortsette i dag. Vi var alle ein tur på skulen først sidan filmkassetten vår var full og vi måtte leggje inn dette på ein PC. Metoden for å gjere dette kjennast veldig gammaldags for oss som er vant med at alt er digitalt. Vi måtte nemlig spele inn opptaka våre gjennom kameraet til PCen, så det tok altså ein heil time å få det inn. Det hadde vore mykje lettare om vi hadde brukt nokon litt meir moderne kamera.

Då vi endeleg hadde kome oss tilbake til location for å filme, oppdaga vi at festet i stativet mangla, slik at vi ikkje kunne bruke det saman med filmkameraet. Vi fekk filma litt med eit ganske dårlig stativ som ein i gruppa hadde, men vi hadde nok greidd det mykje betre om vi hadde det skikkelege stativet til disposisjon. Vi kom oss ikkje så langt med filminga i dag heller, så vi satsar på at vi blir ferdig i morgon.

Akkurat der vi er kome i filminga no er måleriet “ferdig”. Det er med andre ord like før vi skal byrje å øydeleggje det for godt. I neste scene som står for tur, vil det bli eit stort hull i lerretet. Veldig synd å måtte øydeleggje eit måleri eg har jobba med, men kva gjer ein vel ikkje for skulearbeid?

Slik går altså dagane. Eg skal innrømme at det er litt vanskeleg å spele i same film som eg er med på å produsere. Det er heldigvis veldig kjekt likevel.

Frå → studentliv

Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.