Ting som skjer for tida
Det har jo blitt veldig lite innlegg i det siste, faktisk ganske stille heilt sidan påske. Dette er delvis fordi eg har hatt ein del å gjere den siste tida, og fordi eg har hatt litt skrivesperre. Akkurat no er det på sitt verste med ting å gjere. I skrivande stund har eg heile tre forskjellege oppgåver å gjere, der to av dei er eksamensinnleving. Blir fort veldig travelt i mai.
Eg kjem sannsynligvis til å gjere nokon forandringar på bloggfronten om ei stund då eg for ei tid sidan invisterte i domenet tarjeihanken.com. Akkurat no har eg berre sett opp ei enkel nettside der eg har testa ut korleis endringane i CSS versjon 3 er. Når ting har roa seg på skulefronten kjem eg nok til å ordne noko meir spennende, i tillegg til å flytte bloggen her dit. Eg må innrømme at eg gledar meg til å byrje å rote meir med vev-koding igjen, men akkurat no er det ikkje tid til slik.